scholarly journals «… for eg skal ha eit godt lag»: Friluftslivslærarar si organisering av klassen på tur

2022 ◽  
Vol 6 (1) ◽  
pp. 4-20
Author(s):  
Inger Margrethe Tronstad ◽  
Idar Kristian Lyngstad

Denne artikkelen viser resultat frå ein kvalitativ studie om kva friluftslivslærarar er opptekne av og seier dei gjer, når dei organiserer klassen på friluftslivstur. Studien er gjort i norske vidaregåande skolar og folkehøgskolar, i klassar som har friluftsliv som sitt hovudfag. Data er innhenta gjennom semistrukturerte intervju med 18 friluftslivslærarar. Dataanalysen er gjort innanfor vitskaps- og kunnskapsteoretiske rammer som Alvesson & Sköldberg (2017) og Kvale og Brinkmann (2015) skildrar for hermeneutisk analyse av intervjudata. Resultata viser at lærarane er opptekne av og brukar symbol, ritual og system for teltlag, turleiarskap, forflytting, tid, klokke og mobil. Dei gjer avklaringar med elevane og er opptekne av dialog og god samtale med alle elevane i klassane. Den gode samtalen er gjennomgåande i praksisen. Analysen viser også at lærarar bruker konfliktperiodar til å betre klassemiljøet. Analysen får fram organisatoriske nøklar for at fellesskapet skal fungere i klassen og for at elevane skal nå faglege og sosiale mål i friluftsliv. Analysen viser at organisering er eit teknisk-pedagogisk, men samtidig verdilada omgrep, noko som blir drøfta i studien.

Sign in / Sign up

Export Citation Format

Share Document