Med videofilm som reiskap
Denne artikkelen handlar om erfaringar frå eit felles FOU-prosjekt der ein høgskuletilsett lærer ein kollega å dreie leire. Læringssituasjonen blir støtta med sjølvobservasjon gjennom videofilm. Målet for arbeidet er å utvikle kunnskap om potensialet i videofeedback som ein medierande reiskap i dialog mellom kollegaer, men også mellom enkeltindivid – material og analoge verkty. Korleis erfarer eit kollegapar at videofeedback (VFB) kan utvikle refleksjon over handverksundervisning, der situasjonen er dreiing i leire? Metoden er skildra som autoetnografisk. Forskarane sine erfaringar er samla i tekstloggar, skrivne etter studie av videofilmane. Analysen er gjort etter inspirasjon frå analysemetoden meiningsfortetting (Kvale & Brinkmann, 2015), og kjem til gjennom tre faser: Gjennomlesing og temaidentifisering, frå tema til koder, og frå koder til meiningsfortetting. Artikkelen fokuserer på tre forhold der VFB ser ut til å utvikle refleksjon over handverksundervisning i dette prosjektet:Dei teknologiske moglegheitene ved VFB hjelper læraren å sjå eiga “teoretisk” plattform. Den multimodale forma ved VFB framkallar kinestetiske og kroppslege minner. VFB fungerer som eit vitne, ei 3. stemme som påverkar det relasjonelle i samarbeidet.