scholarly journals Humor på alvor i litteraturundervisninga med «Anekdote» av Herman Wildenvey

Nordlit ◽  
2022 ◽  
pp. 1-10
Author(s):  
Marianne Røskeland

Artikkelen ønsker å undersøke kva ein kan få ut av å vektlegge humor i tekstar i litteraturundervisninga. Utgangspunktet er ulike inngangar til diktet «Anekdote» (1911) av Herman Wildenvey, og framstillinga er inspirert av diskusjonar med studentar i lærarutdanninga om humoren i diktet. Sentrale spørsmål er mellom anna om diktet er morosamt, kva eller kven ein i så fall ler av, og kva ein kan få ut av det i litteraturundervisninga. Dette blir diskutert i lys av ulike humorteoriar. Artikkelen søker å få fram korleis ulike tilnærmingar til humoren i diktet kan generere ulike lesemåtar og tolkingar. Særleg interessante er spørsmåla om kva verdiar og haldningar diktet kan målbere, og kva rolle humoren spelar i så måte. Humor har ulike funksjonar og er ikkje alltid kontrollerbar, men er ofte knytt til språkets fleirtydige karakter. Artikkelen argumenterer til slutt for å gi rom for refleksjon omkring humor i litteraturundervisninga i lærarutdanning og skule.

Sign in / Sign up

Export Citation Format

Share Document